Telefiber AS er eit selskap som sel Internett kapasitet til bedrifter og privatpersonar.
Frå starten av vart dette gjort på ein eigen Telefiberplattform som leverte både nett og tv. Etter at samarbeidet med Altibox vart inngått i 2012, har fleire av kundane blitt konverterte til denne plattforma, samtidig som dei fleste nye kundar blir lagt på Altiboxplattforma.Telefiber leiger i tillegg ut mørk fiber og transittkapasitet til større aktørar. Infrastrukturen Telefiber brukar for leveransane sine er baserte på leigd overskotskapasitet frå fiberinfrastrukturen til eigarselskapa og dekkjer kommunane Tokke, Vinje, Kviteseid, Nissedal, Fyresdal og Hjartdal.
Selskapet vart stifta den 28.08.2006, har 5 tilsette og leiger lokale hjå Vest-Telemark Kraftlag i Høydalsmo i Tokke kommune.
Telefiber AS har eigarinteresser i to selskap, NC-Spectrum (41%) og ATB-nett AS (11,11%). Begge eigarinteressene er relaterte til at det blir samarbeidd tett med begge selskapa.