Konsernledelsen
Svenn-Erik Rafoss (1968)
Konsernsjef, dagleg leiar i Vest-Telemark Holding AS, Telemark Nett AS og Vest-Telemark Kraftlag AS
Svenn-Erik Rafoss har lang erfaring frå energisektoren, både frå Noreg og Internasjonalt.
Før Svenn-Erik vart Konsernsjef for VTK-konsernet arbeidde han ved forskingssenteret til Yara International ASA i Porsgrunn. Han starta karriera si i ABB og har fleire års leiarerfaring gjennom sentrale posisjonar både i Noreg og utlandet.
Han er utdanna elektrikar, er elektroinstallatør og har ein bachelor i elektroteknikk samt ein Executive MBA i energi kombinert frå Handelshøyskolen BI, NTU Nanyang Business School Singapore og IFP School Frankrike.
Gunnar Snarteland (1967)
Nettsjef og driftsleiar i Telemark Nett
Gunnar Snarteland har erfaring frå maskinutvikling produksjonsmaskiner, SCA. Utvikling av lågspentbryterar, ABB.
Han har jobbet som driftsingeniør i Rauland Kraftforsyningslag. Har jobbet som nettsjef og driftsleiar i Vest Telemark Kraftlag 2011-2020 og har nå samme stilling i Telemark Nett.
Han er utdanna ingeniør elkraft og Bachelor of Science i maskin. Han har også Master of Science i Technology Management.
Erik Magnus Evja (1974)
Energisjef i Vest-Telemark Kraftlag og dagleg leiar i Skafså Kraftverk ANS
.
Erik Magnus Evja har allsidig både mekanisk og leiarerfaring frå ship/ offshore og internasjonal papirindustri før han starta ved Skafså Kraftverk. Ved Skafså kraftverk var han i mange år stasjonsleiar med ansvar for drift og vedlikehald ved kraftverka før han tok over rolla som dagleg leiar.
Erik har bakgrunn som høgskuleingeniør maskin med fordjuping innan prosess og energi teknikk. Han har også vidareutdanna seg innanfor vedlikehaldsleiing og tatt internasjonal IPC sertifisering innan dette feltet.
Stine Hille (1988)
Økonomisjef i Vest-Telemark Kraftlag konsernet
Stine har bakgrunn frå revisjon og rådgjeving i EY før ho starta i Vest-Telemark Kraftlag. Ho er utdanna siviløkonom frå Handelshøgskulen BI og Copenhagen Business School, og er statsautorisert revisor.