Samfunnsansvar
VTK Konsernet vart stifta 13.september 1940 og er eigd av dei seks kommunane i Vest Telemark. Fyresdal, Kviteseid, Seljord, Tokke og Vinje har 19% eigarskap medan Nissedal har 5% eigarskap.
Samfunnsoppdraget vårt er å tryggja kvardagen din gjennom å sikra moderne og oppdatert infrastruktur i heile Vest-Telemark. Me skal utvikla dagens forretningsområde gjennom å investera i ny og berekraftig kraftproduksjon samt ta i bruk ny teknologi som sikrar stabile og smarte leveransar av straum og fiber. Forretningsoppdraget vårt frå eigarane våre er å sikra god avkasting og verdiskaping for kommunane.
Ein del av vårt samfunnsansvar er å støtte opp om kulturlivet i eigarkommunane våre. Me ynskjer å gje tilbake til lokale lag, organisasjonar og enkeltutøverar i eige forsyningsområde.
VTK produserer 260 GWh fornybar straum i vasskraftverk og bidreg til reduksjon av fossil kraftproduksjon i det Nord-Europeiske kraftsystemet. Våre kraftverk påverkar ikkje det ytre miljø i særleg grad utover det som var kjent ved konsesjonshandsaminga.
Våre medarbeiderar jobbar hardt for at du skal ha straum til ljos og varme kvart sekund, kvart minutt, kvar time heile døgnet, heile året. Me er på vakt 24 timar i døgnet, og vil vera der når du treng oss.