Me i Vest-Telemark Kraftlag Holding er med på å støtte det lokale idretts- og kulturlivet i forsyningsområdet vårt. Me vil gjerne høyre frå deg dersom du ynsker støtte til ein klubb, forening eller sak. Sjølv om me ikkje kan hjelpe alle, set me stor pris på at så mange ynskjer vår støtte. Me behandlar søknadane etter kvart som dei kjem.

Støtte til idrettsutøvarar

VTK ynskjer å støtte utøvarar som hevdar seg på høgt nivå i sin idrett og som på den måten profilerar Vest-Telemark på ein positiv måte. Enkeltutøvarar innom lagidrettar er omfatta av ordninga. Det er eit mål at også VTK kan bli profilert gjennom dette tiltaket. 

fotballbarn

motorcross

snowboard

Ordninga gjeld aldersgruppa 17-25 år og ein må representere eit idrettslag innom VTK sitt forsyningsområde. For lagidrettar kan dette fråvikast. Kan 1. gong søke det året ein fyller 16 år.

Vurderinga vil i hovudsak basere seg på oppnådde resultat på nasjonalt nivå (eller høgare) siste sesong. Resultat blant den beste 1/3-del i NM, NC eller tilsvarande arrangement vil til vanleg vera eit minimumskrav. Deltakarar i lagspel vil bli vurdert på anna grunnlag, men utifrå same prestasjonsnivå.

Denne støtta blir behandla i siste styremøtet ila året, og den blir annonsert i Vest-Telemark Blad ila november kvart år.