Hensikten med åpenhetsloven er å fremje verksemders respekt for grunnleggande menneskerettighetar og anstendige arbeidstilhøve.
Det blir også stilt krav til openhet og innsyn for det offentlege i korleis verksemdene jobbar med dette. Etter denne loven kan einkvar person etterspørje informasjon om korleis Vest-Telemark Kraftlag Holding med dotterselskapa og tilknytta selskap handterar reelle og moglege negative konsekvensar.

Vest-Telemark Kraftlag Holding kan avslå krav om informasjon dersom:

  • Det framsette kravet ikkje gjev tilstrekkeleg grunnlag for å identifisere kva kravet gjeld
  • kravet er openbart urimeleg
  • den etterspurte informasjonen inneheld opplysninger som det vil vera av konkurransemessig betydning å hemmeleghalde av hensyn til den/dei opplysningane angår
  • den etterspurte informasjonen er i konflikt med personopplysningsloven, anskaffelsesloven, energiloven eller sikkerhetsloven.

Behandlinga av informasjonskrav skal skje etter krava i Openhetsloven.

Vest-Telemark Kraftlag Holding med dotterselskapa og tilknytta selskap skal gje informasjon innan rimeleg tid, og seinast tre veker etter at forespørselen om informasjon er motteke.

Informasjonen me gjev er skriftleg, og skal vera tilstrekkeleg og forståeleg.

Om den førespurte informasjonen eller type informasjon gjer det vanskeleg å svare på innan tre veker, skal informasjonen gjevast opp innan to månader etter at førespurnaden blei motteke. Me skal då, seinast tre veker etter at førespurnaden blei motteke, informere den som ber om informasjon om forlenging av fristen, årsakene til forlenginga og når informasjonen kan forventast.

Dersom Vest-Telemark Kraftlag Holding med dotterselskapa og tilknytta selskap avslår anmodning om informasjon, skal me informere om det juridiske grunnlaget for avslaget, samt retten og fristen på tre veker for å krevje ei nærare begrunning for avslaget og at Forbrukartilsynet er ankeorgan.

Send eventuelle spørsmål til: firmapost@vtk.no

Nyttige lenker: Åpenhetsloven (Forbrukertilsynet)