Seljord kommune

På 1960 og 70-talet var det i Seljord kommune ei rivande utvikling. Det var stadig ny industrireising, skular, kraftutbygging og som fylgje av dette nye bustadområde og kraftig auke i straumforbruket. 22 kV forsyninga frå Brunkeberg transformatorstasjon nådde grensa si på midten av 1970-talet. Rett nok var det tidlegare bygd ei linje mellom Svartdal og Hjartdøla kraftverk, med høve til eit mindre uttak i Hjartdal. Men som framtidig hovudforsyning for Seljord måtte noko nytt gjerast.

Ny transformatorstasjon vart bygd ved Bygdaråi i Nordbygdi. Ei 66 kV avgreiningslinje frå Kolltveit til den nye stasjonen vart bygd. Denne greina av frå 66 kV linja mellom Skafså Kraftverk og Midt-Telemark. Anlegget stod ferdig i 1978 og ut frå stasjonen gjekk det linjer til Nordbygdi, Seljord sentrum og til industriområda i Seljord. Hovudtransformatoren på 10 MW skulle sikre nok straummengde i lang tid framover. Denne siste vurderinga skulle straks vise seg å vera altfor optimistisk. Etter bare nokre år måtte ein til å tenke på kapasitetsauke. Forbruksveksten i Seljord på denne tid sprengde alle prognoser.
transformatorstasjon

Seljord transformatorstasjon   

I 1987 vart stasjonen utvida med fleire utgåande linjer og auke i transformatorkapasiteten. Auken var frå 10 til 25 MW transformatoryting. Det vart bygd ny linje frå stasjonen og utanom sentrum, retning Flatdal. Dette for å dele opp linjenettet og å redusere tap. Ei oppdeling i fleire utgåande linjer fører også med seg at færre abonnentar vert råka ved straumutkoplingar som fylgje av feil. For å redusere overføringstap i hovudlinjene vart det i Seljord samstundes montera utstyr for å redusere desse tapa, på fagspråket kondensatoranlegg på 2 x 3 MVAr.

Hovudtilførselen til Tokke og Vinje kommunar

Etter kvart som forbruket auka vart dei gamle 22 k V-Iinjene flaskehalsar. Særleg vart forsyninga til Åmot problematisk. For Rauland kraftforsyningslag var problemet at Frøystullinja ikkje lenger kunne dekke opp auken i kraftforbruket. Høg last på underdimensjonerte linjer gav stort energitap, og driftsmessige ulemper som fylgje av store spenningsfall. For å løyse desse vanskane vart det saman med Rauland kraftforsyningslag bygd ny transformatorstasjon i Lio med 66 kV linje til Åmot og Libru.

Det vart bygd anlegg i Lio for eit større lokalt uttak, samt nye transformatorstasjonar i Åmot og Libru.

Samstundes vart det bygd nye 22 kV avgangar frå desse stasjonane. Heile anlegget kosta omlag 25 mill. kr og av dette dekte Rauland kraftforsyningslag omlag 11 mill. kr. VTK har konsesjon på heile anlegget.

Lio transformatorstasjon

transformatorstasjon
Stasjonen har tilførsel frå Statkraft sin kraftstasjon. Ein transformator på 20 MW forsyner dei lokale uttak frå Lio, med linjer mot Åmot, Mo, Dalen og Høydalsmo. Dessutan er det transformering til 66 kV som vert overført på linje til Åmot og Libru, dette vert gjort over ein transformator på 30 MW. Desse stasjonane og linjene stod ferdige i 1985.

Åmot transformatorstasjon

transformatorstasjon
Som nemnt ovanfor vart denne bygd samstundes med Lio. Ein 15 MW transformator fordelar kraft ut over linjer til Rogdelid, Totak, Vinje, Åmot sentrum og mot Dalen. Den tidlegare koplingsstasjonen i Åmot vart teken ut av drift når ny stasjon kom. Den gamle var Statkraft sin eigedom, men det er tenkt at bygningen kan ominnreiast og brukast til heimevernslager eller anna.

Utbygging i Kviteseid kommune

Brunkeberg transformatorstasjon hadde sidan 1954 vore hovudforsyninga til Kviteseid. Vrådal vart vanlegvis forsynt frå Skafså Kraftverk direkte. Ettersom nye stasjonar i Seljord og Lio hadde overteke meir og meir av det som tidlegare vart forsynt frå Brunkeberg, vart denne stasjonen liggande utanfor det området der det var behov for han. Av omsyn til lasta burde den ligge så nær Kviteseid sentrum som råd. Planar for ny stasjon vart det arbeidd med, og i 1989 kom Kviteseid transformatorstasjon i drift, plassera på Kviegarden i Lundevallsgrenda.

transformatorstasjon

Plasseringa var særs gunstig avdi 66 kV linja Skafså - Midt-Telemark passerar over tomta, slik at noko ny 66 kV linje ikkje var nødvendig bygge. Transformatorane frå Brunkeberg vart flytt hit, ein på 10 MW og ein reservetransformator på 4 MW. Nokre nye utgåande 22 kV linjer måtte byggast, og der er no eigne linjer til Dalane, Brunkeberg, Kviteseid sentrum og Vrådal. Sjølve transformatorstasjonen kosta nesten 11 mill. kr sjølv om vi nytta dei gamle transformatorane.
Den gamle stasjonen i Brunkeberg vart det no ikkje bruk for. 4. august 1989 vart den siste linja til stasjonen fjerna, litt seinare på hausten vart bygningen riven.

gravemaskin og transformatorstasjon

Kviteseid kommune overtok tomta, med tanke på å opparbeide rasteplass for vegfarande.

Andre utbyggingar i denne tidsbolken

Av utbyggingar på 1970 og 80-talet er det dei tidlegare nemnte stasjonar og linjer som dominerar. Likevel var det mange mindre anlegg som vart bygd i denne tida og som har hatt mykje å seia for einskilde abonnentar og grender. Vi skal ta med nokre slike anlegg.

mastereising
Svein Åge Rorge, Ståle Lofthus og Olav Kallåk igang med mastereising.

Linja Eidsborg - Smørkleppgrend

Linja Eidsborg - Smørkleppgrend vart bygd i 1967. Dette var ei samanknyting av to tidlegare linjer. Det vart ikkje fleire abonnentar av den grunn, men abonnentane mellom Høydalsmo og Dalen fekk tilgang til straumforsyning frå to ulike kantar. Dermed vart fylgjene av straumutkoplingar på strekninga mykje redusera.

Linje Ordal - Kivledalen

Denne vart bygd i utbyggingstida for Sundsbarm. Nytten ved denne linja er den same som nemnt ovanfor. Abonnentane mellom Åsheimgrend - Kivledalen - Ordal - Brunkeberg kan forsynast anten frå Brunkeberg eller frå Seljord. Det vart vidare bygd ei linje mellom Garvikstrondi - Manheim - Sanden - Seljord. Slike "ringar" er viktige å ha ved feilar og linjearbeid. Dersom ei lang linje bare kan matast inn frå ein kant, vil alle på linja verta straumlause ved linjearbeid eller i feilsituasjonar.
Frå Byrte til Vinjesvingen vart det bygd ei linje på midten av 1970-talet. Denne gjorde det mogleg å forsyne Byrte frå to kantar. Dessutan har den i einskilde høve vore bindeleddet mellom Byrte og Haukeli kraftverk for samkøyring.

Birtedalen

I eit tidlegare avsnitt er nemnt at eit privateigd verk vart bygd i mellomkrigstida. Då dette ikkje lenger oppfylte tidas krav vart det reist ynskje om å ta del i samfunnets fellesgoder på lik linje med andre bygder. For å knyte Birtedalen til VTK sitt nett måtte det byggast linje frå Vestkanten. Dette ville bli ei lang og kostbar linje å bygge og drive. Eit entusiastisk bygdefolk i Birtedalen var pådrivar til at ny kraftstasjon vart bygd i Tverråne med reguleringsdam i Brutjønn. Det var VTK som stod for utbygginga og seinare drift av anlegget. Dette er den einaste stasjonen som Vest-Telemark Kraftlag har bygd frå botn og har hatt drifta av aleine. Stasjonen var gamal og innkjøpt frå Dalsfjord, turbinen på 125 hk var bygd i 1941, regulatoren var bygd i 1919 og generatoren på 250 kW var bygd i 1915. Til Birtedalen kom stasjonen i 1956 og vart sett i drift 28. januar 1957. Den vart sett ut av drift

19. oktober 1972 på grunn av defekt turbinlager. Etter økonomiske og tekniske undersøkingar vart det vedteke at stasjonen skulle leggast ned og ei ny linje frå Vestkanten på 8,2 km skulle byggast. Denne stod klar i 1973 etter at abonnentane i ein overgangsperiode vart forsynt frå eit mobilt dieselaggregat på 55 kW.
Med unntak av rørgata som er riven, står kraftstasjonen intakt. Det bør vera ei oppgåve å ta vare på denne for ettertida. Vi har sett mange anlegg som har vorte skrapjern og spiker. At det framleis står mange liknande anlegg rundt om i landet, bør ikkje vera til hinder for at ein i kraftdistriktet 
Vest-Telemark kan ta vare på ein så særeigen stasjon som Birtedalen. Anlegget er i dag i privat eige, men bør vel vera kvalifisera til offentleg tilskot til vedlikehald.

kraftstasjon
Birtedalen kraftstasjon.