Utdrag frå jubileumsboka i 1990:

Då kraftlaget vart skipa kom det til samarbeidsavtale med Rauland kraftforsyningslag om felles 22 kV linje frå Frøystul til Vest-Telemark. Det var på førehand kome til avtale med A/S Rjukanfos om kraftuttak i Frøystul kraftstasjon. Linja over fjellet til Rauland forsynte både Vest-Telemark Kraftlag og Rauland. Det var mykje driftsvanskar med denne linja og ho vart ombygd og forsterka etter kort tid. Det var i denne tida at kraftlaget på folkemunne vart kalla Vest-Telemark blunkeverk.

Linjenettet vidare frå Rauland delar seg i to greiner. Ei gjeng gjennom Øyfjell til Høydalsmo - Brunkeberg - Vrådal. Denne vart bygd vidare frå Brunkeberg til Seljord og Flatdal, og frå Høydalsmo til Lårdal. Den andre greina frå Rauland gjeng til Åmot og delar seg der til Vinjesvingen - Grungedal - Haukeligrend og til Dalen. På alle desse mil med linjenett var det bare innmating i Frøystul, slik at dersom det t.d. falt eit tre på linja i Brunkeberg kunne det bli straumlaust for alle i heile distriktet, også på Rauland.

At denne straumforsyninga kunne vera tilfredsstillande, er i dag ikkje godt å forstå. Men det var ei anna tid der ein ikkje til dei grader var avhengig av jamn straumtilførsel. Straumrasjonering med utkopling om natta var det også i denne tida, og på dei fleste kjøkken stod det ein "Ulabrand" klar til kaffekoking.

Framsynte menn såg tidleg at Frøystul ikkje kunne forsyne heile Vest- Telemark framover i åra som kom, elektrisk kraft kunne nyttast til mykje meir enn ljos, og dette ville krevje heilt andre kraftmengder enn det som det var tilgang på i 40-talet.

Dette var opptakten til utbygginga av Skafså Kraftverk med 60 kV linjetilknyting til Midt-Telemark og fylket elles. I 1953 stod Skafså I klar og året etter Skafså II. Desse tilsaman kunne skaffe 30 MW (30000 kW). Av dette hadde VTK rett på 5 MW, og mange trudde at Vest-Telemark no ville vera forsynt med kraft i all framtid.

Utbyggingar etter at Skafså Kraftverk vart ferdig

Etter Skafsåutbygginga vart forsyningssituasjonen monaleg betra i alle delar av Vest-Telemark. I Skafså I vart det montera utstyr slik at VTK fekk høve til å ta ut opp til 8 MW med 22 kV spenning.

Det vart bygd linje til Vråliosen og montera moderne koplingsanlegg i Skafså II. Her dela linja seg til Fyresdal og Vrådal. Linjenett vart bygd til desse bygdene på 1950-talet.

Frå Skafså I vart det bygd linje til Dalen slik at denne kunne køyrast saman med tidlegare nett frå Frøystul. Som fylgje av 60 kV linja Skafså - Gvarv vart det bygd transformatorstasjon i Brunkeberg. Denne kom i drift i 1954. Denne vart bygd i eksisterande 20 kV linjenett slik at den forsynte ut på 3 linjer til Høydalsmo, Seljord og Kviteseid.

På slutten av 1950-talet var dermed hovudforsyningane til alle kommunane svært godt utbygd. Det var framleis att grender som ikkje hadde straum og grender som framleis hadde eige verk. Dei siste større anlegga var linjene til Kilegrend i 1958 og Byrte i 1959.

Vest-Telemark Kraftlag i Tokkeutbyggingstida 

I gode år for landet med nybygging, industrireising og økonomisk framgang har det alltid vore stor etterspurnad etter energi, i ei eller anna form. Her i landet har det vore vasskraft og i nyare tid oljeprodukt. Under 1. verdskrig var det ei slik oppgangstid. Den gong vart fallrettar i Vinje og Tokke-vassdraget kjøpt opp med tanke på kraftutbygging. Det var privatpersonar som stod for oppkjøpet, men rettane vart selde til staten i 1917 for 1,8 mill. kr.

Dei gode år fortsette ikkje og neste oppgangstid kom så langt fram som etter 2. verdskrig. I 1956 starta byggearbeidet opp for denne storstila utbygginga, som sette slike store merke etter seg nasjonalt og lokalt. Vest-Telemark og då særleg Tokke og Vinje kom ut av ei bakevje og vart plassera på Noregskartet. At denne utbygginga skulle få stor innverknad for VTK som kraftleverandør i Vest-Telemark er heilt innlysande.

Byggearbeidet på dei mange anleggsstadene kravde store kraftmengder og nye linjeanlegg som VTK ikkje hadde.

Haukeli kraftstasjon vart tidleg bygd for å skaffe anleggsstraum. I tillegg vart det bygd ein provisorisk kraftstasjon i Hyllandsfossen, Tokke X, som seinare vart riven.

Linjenettet frå Åmot og oppover i Vinje måtte forsterkast. Tokkeverkene bygde sjølv ei mengde anleggslinjer, og mange av desse er i drift den dag i dag. Hovudformålet var eige behov, men den øvrige busetnad fekk også nytte av desse anlegga.

VTK overtok desse linjene etter at Tokkeutbygginga var avslutta. Såleis vart det bygd linjer mellom Arabygdi og Haukeli, til Botndalen, Våmartveit, Songa, bustad- og industriområdet på Dalen og mange andre anlegg.

I Åmot vart det bygd ein koplingsstasjon der linjer frå ymse stasjonar kunne koplast saman og samkøyrast. Denne var i drift til 1985.

Nytten Vest-Telemark Kraftlag fekk av dei nye Tokkestasjonane

Haukeli kraftstasjon

Denne leverar til VTK og overfører resten av produksjonen over VTK sitt nett. Her er linjetilknyting til Vinje, Vamark, Arabygdi og Haukelisæter. Linja mot Haukelisæter vart seinare førd innom Kjela kraftstasjon, då denne kom i drift.

Tokke l, Dalen     

I denne, den største av stasjonane, har VTK ingen anlegg eller høve til noko særleg kraftuttak. Der er rett nok høve til å ta ut 1200 kW frå Stasjonsforsyninga i påkomne tilfelle.

Vinje kraftstasjon     

Her har vi ikkje høve til å ta ut kraft. Men i stasjonen er det koplingsanlegg med nødvendig brytarutstyr som vert betjent frå driftssentralen på Dalen. Dette gjev oss høve til kople linjene mot Våmartveit, Åmot og mot Haukeli.

Byrte kraftstasjon

Denne kan levere ut på VTK sitt nett dersom det skulle bli behov for det. Den har linjetilknyting mot Vinje/Haukeli og mot Lio. I periodar under ordinær drift og som reserve ved feil har VTK nytta seg av dette uttaket.

Lio kraftstasjon

Her har VTK hatt hovuduttaket for forsyning av Tokke og Vinje sidan stasjonen kom i drift i 1969. Her var linjetilknyting mot Dalen og Åmot. Fram til 1985 forsynte linje Dalen heile Dalen, Lårdal og Høydalsmo. Linje Åmot forsynte Mo, Åmot og Vinjeområdet.

Songa kraftstasjon i Arabygdi

Stasjonen har linjetilknyting til Haukeli og lokalforsyning til Rauland kraftforsyningslag.

Kjela kraftstasjon

Dette er den siste stasjonen som vart bygd og kom i drift i slutten av 1970-talet. Her blir i dag Haukeli kraftstasjon sin produksjon levera ut på samkøyringsnettet. Vi har linjer mot Haukeli kraftstasjon og mot Haukelisæter. Det er også høve til ta ut kraft i Kjela kraftstasjon. Av dette går det fram at alle desse stasjonane med tilkoplingar til VTK sitt nett gjev oss eit godt utval i forsyningsmåtar. Innmatingspunkt på forskjellige stader i linjenettet har truleg vore årsak til at VTK har kunna utsett og spart større nettutbyggingar til desse øvre bygdene i Vest-Telemark. At Tokkeutbygginga har hatt positive økonomiske fylgjer for kommunar og lokalsamfunn er det ikkje tvil om, men det er eit heilt anna kapittel.

Finndølautbygginga i Fyresdal

På fyrste halvdel av 1970-talet vart Finndøla-vassdraget utbygd. Med kraftstasjon i Fyresdal og linjetilknyting til Brokke – Knardalstrand-linjene. Det vart bygd koplingsanlegg og transformatorstasjon på Einangsmoen i Hegglandsgrend i 1974. VTK eig 50 % i denne og vi fekk høve til ta ut kraft frå Brokkelinja her.

Fyresdal kommune hadde hatt tilfredsstillande forsyning frå Skafså Kraftverk etter at denne vart bygd. Tidleg på 1980-talet hadde forbruket i Fyresdal auka slik at forsyninga frå Skafså til tider vart for dårleg. Etter denne tid har Einangsmoen transformatorstasjon vore nytta som permanent hovudforsyning til Fyresdal. Her er utgåande linjer nordover mot Hauggrend og sørover mot byen.

I og med denne stasjonen har VTK ikkje hatt behov for å bygge nye linjer frå andre distrikt for å forsyne Fyresdal. Med mindre endringar, er 22 kV nettet som vart bygd på 1950-talet framleis eit godt hovudfordelingsnett for kommunen.
linjebyggerarFrå bygginga av linja over Seljordsvatn 1956. Frå venstre Olav Byggland, Olav Kollberg, Ingar Nygård og Kåre Lofthus. Foto K. Lofthus