Utdrag frå jubileumsboka frå 1990:

I Skien vart det fyrste elektrisitetsverket, Laugstol Bruk, bygd så tidleg som i 1880 åra, dette skaffa Straum til ljos i Skien. Her i Vest-Telemark var der mange kraftverk i drift før Vest-Telemark Kraftlag vart skipa. Dei fleste skaffa straum til kommunesentra og bygder
med tett busetnad. I samband med næringsdrift vart det også bygd kraftverk. La oss ta med nokre av desse tidlege og viktige kraftverka.

 

Seljord kommune 

I Seljord vart det i mellomkrigstida bygd kraftverk ved Lakshøl Bruk, dette forsynte dei næraste husstandane og seinare var dette i drift og forsynte kraft inn på Vest-Telemark Kraftlags linjenett (frå 13. jan. 1959).

Vinje kommune   

I Vinje vart det bygd kraftverk fleire stader.stolte kraftutbyggerarSmørklepp ljosverk bygd i 1918 - 19 var i drift til 2. verdskrigen, dette gav 19 kW likespenning og var eit partslag der 9 gardar hadde gått i saman. På bildet ser me stolte kraftutbyggarar, Smørklepp ljosverk 1918. Foto utlånt av A. Bekhus. Frå venstre: Ånund Negarden d.y., Åsmund Nordstoga, Torleiv Bekhus, Sveinung Haugerud, Augon Negarden, Tarjei Kringlegarden, Tov Negarden, Olav Bekhus d.e., Olav Rui, Olav Kringlegarden d.e., Einar Nielsen, representant frå generator- leverandøren Olav Kringlegarden d.y., Laurits Nielsen, Knut Nordstoga, Olav Nordstoga, Olav Vinjerui, Olav Negarden, Ånund Negarden d.e., Aslak bekhus.

Mannås hadde eige verk som var i drift omlag same tidsbolken. Dette var på 14 kW likespenning. likespenning. Åbøgrend hadde sin eigen stasjon på 25 kW i Hyllandsfoss. L/L Bøgrend Ljosverk hadde 12 luter og bygde stasjon i 1917, 50 hk likespenning. Denne var i drift så langt fram som 1949.

Tokke kommune   

kraftstasjonA/S Åmdals Verk var tidleg ute og fekk sin fyrste stasjon på 1890-talet, denne veit vi i dag lite om, men ny stasjon kom i drift i 1910, med 2 maskiner på tilsaman 244 hk likespenning. Denne var i drift til verket stansa i 1945. Stasjonen brann diverre opp i 1960.

I Lårdalsvassdraget var det fleire stasjonar. Den eldste vart bygd på Homme av Olav O. Rogndal. Han starta i 1890 og vart ferdig 1900, stasjonen var på 40 kW med 110 V likespenning. Delar av stasjonen og mykje elektrisk utstyr er i dag å finne på Vest-Telemark bygdemuseum i Eidsborg.

I 1913 vart Lårdal sokns kraftverk bygd. Denne stasjonen på 100 kW med 220 V likespenning skaffa i 1939 straum til omlag 40 husstandar. VTK overtok denne stasjonen under krigen. Ved Laurdal Uldspinderi vart det bygd stasjon i 1909, denne gav 75 kW likespenning.

Lårdal Fabrikker bygde stasjon i 1916 på 100 hk med 230 V vekselspenning, denne var i drift og levera straum til VTK fram til 1972. På Åslandsmoen vart det omkring 1910 bygd stasjon for kraftforsyning til Dalen hotell. Den var i drift til 1922. 1 1942 vart den ombygd for forsyning av sag og mylle på garden. Dette var ein stasjon på 75 hk vekselspenning, som var i drift fram til 1958.

A/S Dalen Gruber bygde ein stasjon på 60 kW i 1917, denne vart ikkje særleg gamal då gruvene vart lagd ned straks stasjonen stod ferdig.

L/L Dalen og Vistad Ljosverk bygde i 1922-23 ein stor stasjon på 200 kW med 110 V vekselspenning. Denne skaffa straum til omlag 70 husstandar og hadde linjenett
heilt til Eidsborg. To av dammane på Vistadheia sprang i ein flaum 28. oktober 1923, og gjorde stor skade langs med vassdraget, særleg på Vistadgardane. Stasjonen var i drift til 1954, dei seinare åra i samkøyring med VTK.

I Byrte var der to ljosverk bygde i mellomkrigstida, eit i Byrte og eit i Ytre Byrte. Tilsaman gav desse omlag 40 hk og forsynte straum til 137 personar i 1939. Desse stasjonane var i drift til fram mot 1960 då VTK bygde linjenett fram til Byrte.

Kviteseid kommune 

Kviteseid elektrisitetsverk var eit interessentselskap som bygde stasjon i Opsundbekken i 1915. Anlegget vart overteke av Vest-Telemark Kraftlag i 1941 og hadde då forsyning til 21 husstandar. Generatoren som var ny i 1936, gav 110 kW vekselspenning. Denne vart teken ut av drift i 1954 etter å ha vore driven av Vest-Telemark Kraftlag i nokre år.

I Vråliosen var også ein stasjon som skaffa straum til hotellet og næraste husstandar. L/L Skreosen høvleri hadde ein stasjon på 30 kW til drift av sag og høvleri.
 

Fyresdal kommune

I Fyresdal vart det bygd mange stasjonar og dei kom svært tidleg i gang. Mange anlegg hadde høg standard og tende bygdene på ein framifrå måte i svært lang tid. VTK kom ikkje med linjenett før i 1953 og utover og dei gamle verka var då i drift.  elektrisitetsverkFyresdal kommunale elektrisitetsverk hadde stasjon i Gjuvå, bygd i 1915 med generator på 75 kW med 220 V vekselspenning. Der var eit utstrekt linjenett med 5000 V spenning som forsynte omlag 100 husstandar. Linjenettet vart teke over av VTK og de-
lar av dette var i bruk fram mot 1970-talet. Verket vart lagt ned i 1953 etter at VTK hadde kome i gang med 20 kV linjenett til Fyresdal.

I Fardal bygde Jon Bjåland under 1. verdskrig stasjon på Kleivane for forsyning til næraste husstandar samt eiga sag og mylle.

På Søgard Momrak vart det bygd stasjon i 1914 på 8 kW med 220 V likespenning. Denne forsynte Momrakgardane med straum til Vest-Telemark Kraftlag kom i 1958.

På Øvre Kiland i Kilegrend vart det bygd stasjon i 1915 på 18 kW likespenning. Denne forsynte husstandane i Kilegrend til Vest-Telemark Kraftlag kom i 1958.

I Øvre Birtedalen kom det straum i 1925 då det på Tovslid vart bygd stasjon med 10 kW likespenning, denne skaffa ljos til omlag 10 husstandar.

Her er no lista opp dei største og viktigaste stasjonane. I tillegg var det fleire gardsverk som forsynte ein eller fleire gardar. Den tekniske standard var svært så varierande og mange morosame historiar knyter seg til dette. Her var i bygdene mange "teknisk kunnige folk" som såg ei utfordring i å bygge kraftstasjon, men var kanskje mindre opptekne av nytteverdien. At slike anlegg kosta mykje pengar den gong som no, var ikkje alle klar over. Her er fleire eksempel på at enkeltpersonar vart nesten ruinera etter kraftutbygging. Då dei i jobbetida sat med ein stasjon som produsera kraft som ingen hadde bruk for.