Stoda pr. 2023

Av Svenn-Erik Rafoss,

Selskapet er i dag organisert som eit konsern med morselskap og to dotterselskap, Vest-Telemark Kraftlag AS og Telemark Nett AS. Fyrstnemnde driv med kraftproduksjon, straumsal og fiber, medan Telemark Nett driv med kraftoverføring (nett). Konsernet har om lag 60 tilsette og ei årleg omsetning på ca. 700 mill. kr. Hovudkontoret er på Høydalsmo i Tokke kommune, men konsernet har og ei avdeling i Treungen i Nissedal kommune. Produksjonen er organisert gjennom Skafså Kraftverk ANS (67%) og Sundsbarm Kraftverk (8,5%). Breiband vert drive igjennom Telefiber AS, lokalisert ved hovudkontoret. Konsesjonsområdet dekker eigarkommunane med unntak av Fjågesund i Kviteseid og Rauland i Vinje.