VTK er i dag eit konsern der VTK Holding AS er morselskap; - eigd av dei 6 kommunane i Vest-Telemark. I konsernet er det to dotterselskap, Telemark Nett AS og VTK AS. Telemark Nett AS har eit samla nett på over 3000 km for å forsyne sine 15.000 nettkundar. VTK AS driv med kraftproduksjon, kraftomsetning og fiber. Kraftproduksjonen er primært knytt opp mot deleigde selskap, der Skafså Kraftverk ANS og Sundsbarm Kraftverk DA er dei største. VTK AS har ein total produksjonstilgang på ca. 280 GWh.

VTK har om lag 11000 kundar på kraftomsetning. Fibernettet blir leigd ut til deleigd dotterselskap Telefiber AS som har over 6000 kundar. Konsernets aktivitetar er samla på Høydalsmo i Tokke kommune. Nettselskapet har ei avdeling i Treungen i Nissedal kommune. Konsernet hadde i 2022 ei omsetning på ca. 700 mill.kr og om lag 60 tilsette.