Utdrag frå jubileumsboka frå 1990:

Slik starta Vest-Telemark Kraftlag

Ein kan lesa i 25 års skriftet, at det fyrste "spadestikk" for å få til eit kraftverk i Vest-Telemark, vart teke den 27. februar 1938. Då heve ordføraren i Lårdal, Håkon Årneshaugen kalla inn til eit orienteringsmøte som skal haldast på Dalen. Likevel var vel dette ikkje byrjingi. Ordførar Årneshaugen hadde møtt stortingsmann Olav Versto i 1937 under fylkestinget for Telemark. Ein kan vel seia, at Olav Versto, i like høg grad som sin partifelle Årneshaugen, heve hatt uvurderleg innverknad på å få til dette kraftlaget, som ennå på denne tid var i draumane hjå folk.

Ein kjem ikkje bort frå den tanke, at det gamle fylkestinget, hadde ein stor fordel, framføre den samansetning fylkestinget heve i dag. I fylkestinget møtte bare ordførarane i Telemark. Desse karane var spesielle typer. Ofte sat dei i fleire periodar, og dei kjende sin eigen kommune ut og inn. Dei var orientert om alt av betydning innanfor sin kommune: økonomi, sosialt mellom anna. På ståande fot kunne ei uformell samtale på eit hotellrom på Dag i Skien, gje utrulege resultat. Samtala mellom Olav Versto og Håkon Årneshaugen fekk fylgjer, og positive slike. Dei starta faktisk byrjingi på eit kraftlag der.

Dette kan føre tanken inn på Knut Hamsun sin hovudfigur og original, han August. Me veit at han starta bank i Polden under ei "røe" i krambua til Pauline og Joakim ein kveld. Jau, under denne samtale mellom Versto og Årneshaugen, kan stortingsmannen Versto fortelje, at det var avsett 8 mill. kroner på Statsbudsjettet, som ein stønad for straumtilførsel til straumlause strok. Nå måtte Vest-Telemark vera frampå!

Så enkelt kunne det gjerast den gong. Kunne ein nå få i tale folk frå dei andre kommunane i Vest-Telemark, få dei med på planane for eit kraftverk, var det bare å sende søknad om stønad frå summen som var oppført i Statsbudsjettet. Det var ikkje "all verden" av nemnder, komitéar, allmannamøte, som måtte spørjast. Ordførarane var suverene om dei skuva kommunekrangel og andre bremse-effektar vekk, let det positive råde grunnen aleine. Dette var opptakten til "rådleggingsmøtet" på Dalen den 27. februar 1938.

Desse møtte:
Lårdal: Håkon Årneshaugen og Oddmund Vik
Mo: O. G. Nystad
Seljord: Lavrants Rui og Hans Sandsdalen
Kviteseid: Sigurd Rinden
Vinje: Olav Versto og O. K. Bakken
Rauland: Olav T. Skolås
Fyresdal:Tarje K. Haasum

Det vart på møtet semje om å skipa ei nemnd til å taka seg av elektrifisering av Vest-Telemarksbygdene. Med i nemnda skulle vera ein mann frå kvar kommune, vald av heradstyret. Mandat for nemnda vart vedteken. Nemnda, eller Vest-Telemark Elektrisitetsnemnd som var det offisielle namnet, møttes til fyrste møte den 8. mai 1938 i Kviteseid.                                                                                                                    

Desse møtte:
Lårdal: Ordførar Håkon Årneshaugen
Mo: Ordførar Olav G, Nystad
Seljord: Ordførar Lavrants Rui
Kviteseid: Disponent Gunnar Naper
Vinje: Lensmann Knut Nordstoga
Nissedal: Lærar Aa. J. Vaa
Drangedal:Driftstyrar Klas Eie
Telemark fylke:Ordførar Tor Lundtveit

10 dresskledde menn

Rauland deltok ikkje på dette møtet, men møtte seinare med Olav T. Skolås.
Til formann vart samrøystes vald Håkon Årneshaugen. Knut Nordstoga vart varaformann og Olav G. Nystad sekretær, båe samrøystes vald. På dette fyrste møtet vedtok nemnda vidare å lyse etter konsulenthjelp i eit par Skiensaviser og ei Osloavis. Dalen vart vedteke som fast møtestad for nemnda. Vidare vedtok nemnda at kvar kommune fører opp 10 øre pr. ibuar i heradet på budsjettet for 1938 - 39, til dekking av fyribels utgifter i nemnda. Det vil sei at utlegget kom på 200-300 kroner på kvar kommune. Og utfallet av møtet i Kviteseid vart samrøystes: "No set vi i gang!

Når dette var klart, sende nemnda søknad til Staten om stønad til det førebuande arbeid. Dei fekk positivt svar, kr 12 000,-, og Telemark Fylke ytte kr 1 000,- til same formål. Ingen i nemnda var spesialist på noko så avansert som å bygge eit kraftverk. Som konsulent fekk ein tak i ingeniør Peder Kjørholt.

Oppgåva og målet var stort: Skaffe Straum til 9446 ibuarar i Vest-Telemark. Fyrste overslag visa at dette ville koste kr 3 555 000,-.

Den fyrste kraftkjelda ein ville bygge ut var Hyllandsfossen i Vinje. Den utbyggingi ville koma på omlag 1 mill. 1938 kroner. Men nemnda fann snart ut, at dette vil bli ei for tung utbygging, og ville prøve andre alternativ. På Frøystul hadde Norsk Hydro ein kraftstasjon i drift, og på Rauland hadde ing. L. O. Kjellemo ei utbygging i gang for å føre fram straum frå Frøystul til Rauland. Nemnda tok kontakt med han, Kjellemo var positiv til eit samarbeid med nemnda, og det vart drøfta ei overføring av straum frå Frøystul. Men skulle det bli aktuelt, så måtte ein endre planane slik at det vart større trådtverrsnitt fram til Austbø. Dette gjekk Rauland med på og Vassdragsvesenet gav turvande tilleggsløyving på kr 24 250,-. Nå var ein kome godt i gang, og namnet på kraftlaget kunne snart settast. Men før det måtte ein få laga vedtekter. På denne tid hadde ein ikkje eingong utkast å halde seg til. Ein vende seg då til overrettsakførar Jon Fjalestad, med spørsmål om å forme vedtektene. Han hadde svært god innsikt i dette, tok på seg arbeidet. Framlegget hans var svært passande til vedtekter, og kom til å legge grunnen for det som nå snart skulle bli, eit kraftlag for Vest-Telemark. Så kjem då skipingsmøte av kraftlaget. Det vart halde på Vistad i Mo den 13. september 1940. Og det er denne dato som Vest-Telemark Kraftlag heve sin "Fødselsdag".

 menn i dress

Det fyrste styret i VTK

Fremste rekke frå venstre: Lavrants Rui, H. Årneshaugen, form., Knut Nordstoga, nestform., O.G. Nystad og Gunnar Naper (lengst til høgre i 2. rekke). Resten frå venstre: Ing. L.O. Kjellemo, stortingsmann Olav Versto, ing. P. Kjørholt.

Skipingsmøte, desse møtte:
Vinje: Knut T. Vågslid, Knut Bringsvær, Knut Gamlekås (varamann for Olav Versto) og Knut Nordstoga.
Lårdal: O. G. Nystad, Tarjei Bekk og Oskar Flom. Håkon Årneshaugen, Nils Heggtveit og Erling Mandt.
Kviteseid: Gunnar Naper, Hallvard Brekke og Sigurd Rinden
Seljord:Lavrants Rui, Halvor Brauti og Jon Svartdal

Desse skipa då dette laget som fekk namnet: Vest-Telemark Kraftlag (VTK).
Dette møte gjekk lett og glatt, og det heve då sin grunn i eit svært godt førebuande arbeid. Den drivande kraft i dette var: Håkon Årneshaugen, Olav Versto, Peder Kjørholt og Olav Fjalestad (frå NVE). Ein må gje desse karane ros for fint, skapande samarbeid, heilt på tvers av kommunegrenser og patriotiske særinteresser. Det spørs om me i dag kunne klara det same innanfor Vest-Telemark-
regionen? Men så var då saki veldig stor å semjast om. Som me ser, så var andre verdskrig godt i gang då dette vedtak vart gjort. Vanskar sto i kø. Det kunne vera svikt i det menneskjelege materiell, likså vel som det materielle. Det mangla aluminiumstråd etter kvart. Av den grunn fekk Seljord straumen sist. Skulle ein ha forsera utbyggingi dit, måtte ein nytte jarntråd.
På denne tid kom det førespurnad frå Fyresdal, Bø, Sauherad og Lunde, om dei kunne bli medeigarar i Vest-Telemark Kraftlag. Det var sjølvsagt ikkje råd på det tidspunkt. Men Fyresdal kom seinare med i 1948. Håkon Årneshaugen hadde vore ei drivande kraft i skipingsprosessen og var eit naturleg val som lagets fyrste styreformann. Eit verv han hadde i 24 år (til 1964). Som varaformann fekk han Knut Nordstoga i Vinje. Han var varaformann heilt fram til 1952, då han måtte trekke seg av helseomsyn. Dette var eit kort oversyn over skipinga og dei fyrste åri.

Illustrasjon, gammel