Utdrag frå bøkane frå 1963 og 1990:

Det var vanskeleg å få både høvelege garasjar, lagerbygning og husvære for tenestemenn i dei ymse etatane til VTK i Høydalsmo. Difor måtte ein etter som administrasjonen tok form og blei utvida, taka opp spørsmålet om husvære i heile si breidd. På Steinbø i Høydalsmo fekk dei i 1942 leige to rom til kontor og så eit rom i uthuset til lagerrom.

hus

Men alt hausten same året flutte dei kontoret til Bjåland i Lårdal. Der hadde dei to rom og ein gang.

hus

Der heldt kraftlaget til det 2. januar 1948 flutte inn i eige hus i Høydalsmo.

I styremøte 6. april 1946 vart saka om husspørsmålet framme. Det førelåg då planar både om kontorbygg og styrarbustad, framlagde av driftsstyraren. Kostnadsoverslag var også utarbeidd og finansieringa skulle ordnast ved lån. I neste styremøte kom saka opp kvar ein skulle plassere administrasjonen. I §2 i vedtektene stod det at det skulle vera Dalen. Men no kom det opp framlegg om å endre dette til Høydalsmo. Endringa måtte gjerast i samsvar med vedtektenes §17. Mot 1 røyst vart det vedteke å fastsette Høydalsmo. Karl Skaalen røysta imot og meinte vedtektene skulle stå ved lag. Han understrika at det var den ållmenne meining på Dalen og innan Mo og Skafså at vedtektene ikkje skulle brigdast.

I representantskapsmøte 31. juli 1946 vart det med 16 mot 4 røyster vedteke å brigdda vedtektene, og leggje kontoret til Høydalsmo. I same møte vart det vedteke å byggje lager, kontor og styrarbustad etter dei framlagde planar og overslag. 

Såleis var det no reist styrarbustad, kontorbygg og lagerrom. Seinare vart bygget Aursand reist saman med Skafså kraftverk, men blei seinare overteke av VTK.

garasje og lagerbygg
Garasjane og lagerbygget 

Mosbø

kontorbygg
"Mosbø" i Høydalsmo var VTK sitt fyrste eige kontorbygg som dei flutte inn i 2. januar 1948. Kontorbygget vart selt på starten av 80-talet.

Solheim

hus
Styrarbustaden "Solheim" som vart selt i 1987.

Aursand

bustad
Funskjonærbustaden med 2 leilighetar og 4 hyblar, "Aursand" blei rive i 2008.

Bustadbygga "Skogly"  

I styremøte 10. februar 1961 tilrådde driftsstyraren, så snart som råd er, å taka opp arbeidet med å få meir plass til kontor for den merkantile avdeling. Seinare det året vedtok styret at ein måtte få typeteikningar frå Husbanken på bustadbygg, likeins at ein måtte få planar og kostnadsoverslag for ominnreidning av kontoret. Eit mindretal på 2 mann røysta for at administrasjonen fekk fullmakt til å arbeide med byggjeplanar, kostnadsoverslag m. m. Finansieringa fekk ein koma tilbake til når når planane var godkjende eller når rekneskapet for 1961 var avslutta.

 2 hus

Fornying av bygningsmassa

Lager, verkstad og velferdsbygg  

Mot slutten av 1960-åra vart det klart at det måtte gjerast noko med lager og verkstadsituasjonen. Det som ein då hadde vart bygd på enklaste vis i slutten av 1940-åra heldt ikkje lenger mål. Særleg var tilhøva mangelfulle for arbeidstakarane då der ikkje var sanitæranlegg, vaskerom o.l. Mykje materiell måtte lagrast ute langs vegen. Ein VTK-veteran seier det slik; "Lageret til VTK var i vegavreita framom gamle Rinde-bui". Rindebui var det som seinare blei Åsen kafé.

Det fyrste som skjedde var at VTK frå hausten 1967 fekk løyve av Høydalsmo Idrottslag (HlL) til å nytte søndre del av idrettsbanetomta til stolpelager mot årleg leige kr 500,-, Ved brev av 10.7.1969 vender VTK seg til Tokke kommune om hjelp til å finne eigna tomt på 10 - 15 daa. I brevet vert det sagt at administrasjonen og er pålagt "å undersøkje om det finst tomter andre stader, t.d. i andre kommunar". (Styresak 48/69). Det som låg bak var m.a. ynskje frå styret om å vurdere flytting av arbeidsfolk og lager ut i distriktet. På møte 19.12.1969 vedtok Tokke kommunestyre å ta opp til drøfting med HIL ei evt, overtaking av idrettsbanen til framtidig VTK-tomt.

Etter det ein kan sjå gjekk det no to år der lite skjedde. Den 8.2.1972 vart det så halde eit avklarande møte på Vinje Hotell. I tillegg til styre og administrasjon møtte representantar frå Tokke kommune, Høydalsmo Idrottslag og tidlegare grunneigar Olav Oftelid. På møtet vart ein samde om eit framlegg til løysing og ein framdriftsplan.

Framlegget gjekk ut på at Tokke kommune skulle overta banen av HIL mot å bygge ny bane ved skulen. For å gjera tomta fri for hefte og sikre seg turvande tilleggsareal skulle kommunen betale eigaren av Mogen kr 50 000,-. VTK skulle ta over den nye tomta vederlagsfritt frå kommunen, men betale kr 15 000,- for at ho delvis var opparbeidd.

Det gjekk ei tid før alt var ordna, men sommaren 1974 kunne VTK ta arealet i bruk, og det vart straks sett i gang bygging av lagerbygg på 864 m2 og noko seinare verkstad/velferds- bygg på 504 m2. Det fyrste stod klart våren 1975 og det andre sommaren 1975.

lagerbygg
Kraftlaget hadde no fått moderne og høvelege lokale, og kunne ta ei pause i bygginga. 

Administrasjonsbygg

I saksframlegg til styremøte 29.3.1982 skriv elverksjef Røyne fylgjande: "Då noverande administrasjonsbygg er for lite til det behov kraftlaget har, og det ikkje tilfredstiller krava i arbeidsmiljølova, er planlegging for nytt bygg starta opp for å koma fram til løysingar av dette". 

Det vart lagt fram planar med kostnadsramme på 4,5 - 5,0 mill. kr. Planen var å ha bygget klart til våren 1983. Styret slutta seg samrøystes til desse planane og tilrådde representantskapet å gjera det same. I representantskapet gjekk det ikkje fullt så "glatt". På møtet 28.4. s.å. fall styrets framlegg med 12 mot 5 røyster. Fleirtalet ville sjå nærare på tilhøva og ynskte ekstraordinært møte. Der vart halde 5 dagar seinare på montørromet i det nye velferdsbygget. Det dei fekk sjå ved synfaring av det
gamle administrasjonsbygget overbeviste dei fleste, og mot ei røyst vart styrets framlegg vedteke.

kontorbygg

Bygget som er på 800 m2 fordela på to høgder, vart teke i bruk i mai 1983, eit år etter at vedtaket var gjort. Bygget vart finansiera ved bruk av fondsmidlar og sal av det gamle bygget.

Lagerutviding

Våren 1983 la administrasjonen fram planer om å utvide lageret med 216 m2 grunna for liten plass til transportmidlar og utstyr. Tidspunktet var no ideelt då entreprenør som kunne ta grunnarbeidet var på staden. Saka gjekk samrøystes gjennom i styre og representantskap, og i november var den nye lagerdelen klar til bruk. 

Tomt til stolpelager m.m.

Etter at det nye administrasjonsbygget og lagerutvidinga var bygd vart det mindre plass til å lagre materiell utandørs. Stolperuller, trommelstablar og anna linjemateriell vart no liggande ved innkøyringa og delvis framom det nye bygget. Kraftlaget ynskte difor kjøpe ca. 2,5 daa skoggrunn bak eksisterande lager for utnytting til slik lagerplass. Førespurnad om friviljug sal sommaren 1984 førde ikkje fram. Hausten 1987 vart saka teke opp att då ein viste til at arealet var regulera til industriføremål i nyleg stadfesta reguleringsplan. Heller ikkje då vart det noko friviljug avtale, men etter at kommunen hadde gjort vedtak om oreigning kom det til forhandlingar, og sommaren 1989 vart tomtespørsmålet avklara ved avtale med grunneigaren.

Det vart straks sett i gang planering av tomta, og deretter vart nytt kaldtlager på 310 m2 og overbygd stolpelager på 248 m2 bygd. I 1990 blei tomta asfaltera. Med det som blei gjort i løpet av desse 15 åra hadde VTK ei tomt og ei bygningsmasse som dekte behovet i mange år framover.

 kontorbygg og lager

Etter at VTK overtok Nissedal kommunale Elverk i 2000, blei også administrasjonsbygg med lager og verkstad under sama tak, som vart teke i bruk i 1993, ein del av VTK si bygningsmasse.

Påbygg av administrasjonsbygg      

kontorbyggTilbygget til administrasjonsbygget vart teke i bruk i 4. kvartal etter ca 1 års byggetid. 
VTK ordna prosj
ektleiinga med eigne tilsette. Dette fungerte veldig bra. I 1. etasje er det ny inngang, resepsjon, matsal og møtesal. I 2.etasje er det kontorplass for
Vest-Telemark Brannvesen, Teleliber AS og Det Lokale Eltilsynet(DLE). VTB og Teleliber leiger plass og ymse kontortenester av VTK.