Fusjonsavtale
I 2000 blei Nissedal Kommunale Elverk (NKE) fusjonert inn Vest-Telemark Kraftlag
Vest-Telemark Kraftlag overtok Nissedal Kommunale Elverk (NKE) 01.01.2000. Nissedal kommune gjekk frå same dato inn på eigarsida i VTK i høve til dei verdiane som låg i NKE.
NKE vart stifta i 1921 og hadde pr 31.12.99 1216 kundar og 13 tilsette.
VTK er etter dette eigd av Fyresdal, Kviteseid, Nissedal, Seljord, Tokke og Vinje kommunar. Nissedal eig 5%, dei andre 19% kvar.
Konsesjonsområdet dekker dei same kommunane med unntak av Fjågesund i Kviteseid, Felle og Haugsjå i Nissedal og Rauland i Vinje.
Området utgier omlag 40% av Telemark fylke.
Avdelinga i Treungen hadde fram t.o.m. 2007 eiga installasjonsverksemd.
Fusjonsavtala vart underskriven 1.11.1999. På bildet er styreleiar Rolf Normann og ordførar i Nissedal kommune Øyvind Tveit.