fiber

Sidan 1995 har VTK bygd ut fibersamband til eige bruk. På generalforsamlinga i 2004 gav eigerane styret fullmakt til å setja i gang utbygging av eit breibandnett til allmenn bruk. Grunngjevinga var mellom anna at god breibandsdekning til ein akseptabel pris er ein føresetnad for næringsutvikling, undervisning, nyskaping, gode offenlege tenester og interkommunalt samarbeid i åra framover. 

Den 28. august 2006 vart Telefiber AS stifta med desse eigarane: Rauland Kraftforsyningslag (40%), VTK (40%), Hjartdal Elverk AS (10%) og Vest-Telemark Næringsutvikling AS (10%).

Selskapet overtok alle kundar, aktuelle avtaler og alt utstyr i nettet. Fibernettet er framleis eigd av everka og VTNU, men blir leigd ut til Telefiber på langsiktig avtale. 

Det har vore ei stor fiberutbygging i desse åra, det er totalt investert over 215 mill.kr siste 15 år.

Telefiber driv med sal av breibandstenester og då primært produkt frå ALTIBOX, men dei siste åra har også aktiviteten vore stor innom prosjektering og bygging av fiberanlegg for eigarselskapa. Telefiber leverer breibandstenester i Vest-Telemark + Hjartdal. Selskapet har 6 tilsette og passert 6300 kundar.

Telefiber eig 41% av selskapet NC-Spectrum som held til i næringshagen i Kviteseid. NC-Spectrum er i stor vekst og er motoren i næringshagen i Kviteseid.