Vil du være med på å forme framtida innan fornybar energi? Vi søkjer ein engasjert og ny medarbeidar med spesialisert kunnskap innan vasskraft.

Din rolle vil være avgjerande for å oppfylle våre ambisjonar om å drive, utvikle og produsere ny fornybar kraft for VTK Konsernet.

Dine ansvarsområde inkluderer:

  • Fagleg ansvar for vasskraft med forvaltning av selskapet sine småkraftanlegg i drift og under utvikling
  • Drifte og halde vedlike internkontrollsystemet, utføre tilsyn med ansvar for gjennomføring av vedlikehaldstiltak
  • Ansvar for at selskapet oppfyller gjeldande regelverk
  • Aktiv deltaking i utviklinga av eit framoverlent fornybar-miljø innan vatn, sol og vind.
  • Utvikle sterke konsulent-, entreprenør- og leverandørforbindelsar.

Kvalifikasjonar vi ser etter:

  • Erfaring med vellykka prosjektutvikling og bygging av kraftverk.
  • Tidlegare erfaring som prosjektleiar.
  • Evne til å ta ansvar for å levere resultat.

Ønskte kvalifikasjonar:

  • Høgare utdanning på bachelor- eller masternivå innan tekniske fag; relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet.
  • Bakgrunn innan vasskraft og innsikt i kraftmarknaden.

Vi tilbyr:

  • Ein sentral rolle i Vest Telemark største energikonsern.
  • Spanande moglegheiter for å påverke utviklinga av Vest-Telemark Kraftlag konsernet og fornybar energi i regionen.
  • Ein sjølvstendig og leiande stilling der du får ansvaret for all kraftproduksjon.
  • Ein spanande og fagleg interessant stilling med varierte utfordringar.
  • Høve til å jobbe i eit dedikert team med erfarne fagfolk som både driftar og utviklar ny kraftproduksjon.
  • Konkurransedyktige vilkår og gode forsikrings- og pensjonsordningar.

Kvifor VTK AS:

Vi tilbyr ei utfordrande og givande rolle i eit selskap som er dedikert til å forme framtida innan fornybar energi.

Svært kompetente vasskraft-kollegaer både i VTK AS og Skafså Kraftverk (67% eigd av VTK AS).

Fleksibel arbeidstid og moglegheit for heimekontor.

Bli med på laget og ver med på å gjere ein reell forskjell!

Vest-Telemark Kraftlag er oppteken av mangfald og oppfordrar alle kvalifiserte kandidatar til å søke.

Spørsmål om stillinga kan rettast til Dagleg Leiar av VTK AS Svenn-Erik Rafoss (tlf. 912 47 429).  Av omsyn til personvern/GDPR har vi ikkje moglegheit til å handsame søknader motteke per e-post. Alle førespurnader blir handsama konfidensielt, om ønskjeleg også overfor oppdragsgivar.
Send oss din søknad, og la oss ta ein prat om deg. Me ser fram til å treffast!

Tiltredelse etter avtale.
Søknader blir handsama fortløpande.