Fibermontør

Vest-Telemark Kraftlag søkjer etter fibermontør
Likar du teknologi, utfordringar og ein jobb som betyr noko? Hos VTK AS jobbar me med utbygging, vedlikehald og beredskap av fiber sambandet i seks kommunar i Vest-Telemark, og me treng framtidas fagfolk!
Som fylgje av høg aktivitet søker VTK AS etter ein erfaren fibermontør. Bør ha fagbrev som telekommunikasjonsmontør, - energimontør eller elektrikar i tillegg er fordelaktig. Relevant erfaring kan vega opp for manglande formell kompetanse. Arbeidsoppgåver vil m.a. vera omlegging/utviding av eksisterande fibernett, kundeinstallasjonar til privat og næring og feilretting.
Kvifor velje energibransjen?
✅ Moderne teknologi – me brukar dei nyaste løysingane i bransjen
✅ Samfunnskritisk arbeid – fibersamband er viktig for alle
✅ Trygg jobb – kompetansen din vil alltid vere etterspurd
Kvalifikasjonar/eigenskapar:
✅ God erfaring i fiberbransjen
✅ Gode PC ferdighetar
✅ Godt fargesyn
✅ Førarkortklasse B(E)
Personlege eigenskapar me ser etter er at du kan arbeide sjølvstendig, er serviceinnstilt, glad i utfordringar og har gode samarbeidsevner.
Me kan tilby:
✅ Ei spennande, sjølvstendig og fagleg interessant stilling i eit energikonsern
✅ Konkurransedyktig løn og gode forsikrings-, pensjons- og velferdsordningar
✅ Godt arbeidsmiljø, her får du dyktige kollegaer, støtte og fellesskap
Spørsmål om stillinga kan rettast til VTK AS ved fiberansvarleg Gunnulf Grimstvedt (977 18 757) samt dagleg leiar i VTK AS Svenn-Erik Rafoss (tlf. 912 47 429)
Søknad med CV og kopi av dei viktigaste vitnemål/attestar kan du sende på e-post til firmapost@vtk.no. Merk: Søknad fibermontør
Søknadsfrist: 20.Mars