Som følgje av naturleg avgang er det ledig stilling som energimontør ved Telemark Nett, avdeling Treungen.


Som energimontør i Telemark Nett AS vil du kunne utfolde deg med både ny-bygging, drift og vedlikehald av VTK konsernets kraftnett og fibernett. Linjerydding, transportoppdrag og anna arbeid kan også bli aktuelt. Deltaking i vaktordning kan bli pålagt. Stillinga vil bli underlagt Telemark Nett AS, avdeling Treungen.

Me søkjer deg som har:

  • Fagbrev som energimontør
  • Minimum førarkort klasse B
  • Samarbeider godt med andre, men også kan arbeide sjølvstendig
  • Interesse for å utvikle deg i faget, gjerne også på fiber

Arbeidskvardagen for ein montør i Telemark Nett blir stadig meir digitalisert; - derfor er evner og interesse på dette området viktig.

Me kan tilby:

  • Løn og andre vilkår i samsvar med sentral og lokal avtale
  • Konsernet har eiga pensjonskasse med vilkår som i andre offentlege ordningar
  • Variert arbeidsdag i flott natur
  • Gode velferdstilbod
  • Trivelege kollegaer

Spørsmål om stillinga kan rettast til Telemark Nett AS ved Nettsjef Gunnar Snarteland på tlf. 350 75 738 / 350 75 700 eller avdelingsleiar i Treungen Sverre Grimstvedt på tlf 452 01 914

Søknad med CV og kopi av vitnemål/attestar vert å sende på e-post til  firmapost@vtk.no. Merk: Energimontør Treungen

Søknadsfrist:  09. juni 2024

 

 

 


Søk her