Telemark Nett AS har ledig stilling som energi-ingeniør (nettingeniør), ved hovudkontoret i Høydalsmo.

Arbeidet vil omfatte planlegging, bygging og drift av kraftlagets nettanlegg, samt utvikling og drift av støttefunksjonar for dette.

Stillinga inngår i ein ingeniørstab på 8 personar som alle rapporterer til driftsleiar/nettsjef. Ein må rekne med å bli pålagt deltaking i vaktordning som overordna vakt. Nødvendig opplæring vil bli gjeve.

Vi søkjer ein person med elektroteknisk utdanning, på bachelornivå/teknisk fagskule.  Stillinga har ein del formell sakshandsaming mot styresmakter og andre samfunnsaktørar, samt mykje kunde- og grunneigarkontakt. Gode evner til å uttrykke seg skriftleg og munnleg vil difor bli vektlagt. Du evnar å arbeide sjølvstendig, samtidig som du er ein god team-medarbeidar.

Vi kan tilby

  • Ein spanande og fagleg interessant stilling med varierte utfordringar.
  • Høve til å jobbe i eit dedikert team med erfarne fagfolk som både driftar og utviklar ny kraftproduksjon.
  • Konkurransedyktige vilkår og gode forsikrings- og pensjonsordningar.
  • Konkurransedyktig løn og gode pensjons- og velferdsordningar.
  • Fleksibel arbeidstid og moglegheit for heimekontor. 

Oppstartsdato etter nærare avtale.

Spørsmål om stillinga kan rettast til nettsjef Telemark Nett, Gunnar Snarteland (tlf. 970 78 008) eller til dagleg leiar Svenn-Erik Rafoss (tlf. 912 47 429). 

Søknad med CV og kopi av dei viktigaste vitnemål/attestar vert å sende pr. e-post til firmapost@vtk.no. Merk: Søknad Energiingeniør - nett

Søknadsfrist: 15. april 2024


Søk her