Prosjektgruppa har hatt fokus på å utvikla ei meir moderne webside med betre grensesnitt og brukarvennlege løysingar. Den nye nettsida vår fungerer saumlaust på tvers av nettlesarar, den fungerar også perfekt på mobilar og nettbrett, og ikkje berre på datamaskiner. Me håpar at me får formidla meir og strukturert informasjon om VTK-konsernet, der dei ulike selskapa og forretningsområda våre blir presenterte på ein god og informativ måte. Men det viktigaste er at me får ei nettside der me legg meir til rette for at kunden kan utføra ein del oppgåver sjølv. Endringar, bestillingar mm kan kunden nå gjera digitalt, noko som forenklar mykje både for oss og kunden.

Vidare kjem VTK si historie godt fram gjennom den nye nettsida og saman med flotte bilete gjev nettsida eit godt innsyn i både Vest-Telemark og vår arbeidskvardag. Telemark Nett (nettselskapet) og Vest-Telemark Kraftlag (kraftlaget) er begge nøgde og stolte av den nye nettsida. Saman med resten av administrasjonen i Vest-Telemark Holding trur og håpar me at den nye nettsida er så bra og interessant at du får lyst til å bli verande på sida!

Eg oppmodar alle VTB sine lesarar om å prøva ut nettsida. Den skal vera dynamisk og det er bra om kundar og andre kjem med tilbakemeldingar om dei har synspunkt, eller er ting dei saknar.

Eg er sikker på at auka synlegheit på nett vil styrke både kundeservicen og VTK si merkevare seier konsernsjef Svenn-Erik Rafoss.

prosjektgruppa for heimesida

Prosjektgruppa har bestått av (Bilete sett frå venstre framanfrå): Margit Nordstoga (Sals og Kundeansvarleg Straum), Gunnar Snarteland (Drift/Nettsjef), Svenn-Erik Rafoss (Konsernsjef). Erik Magnus Evja (Energisjef), Tor Arne Heggtveit (IKT ansvarleg) , Stine Hile (Økonomisjef) og Hanne Betten (Kundemedarbeider Straum)