Ny konsernsjef
8. mai 2023 overtok Svenn-Erik Rafoss som konsernsjef og dagleg leiar i Vest Telemark Holding AS og Vest Telemark Kraftlag AS.
Svenn-Erik Rafoss (1968) har lang erfaring frå energisektoren, både frå Noreg og Internasjonalt.
Før Svenn-Erik vart Konsernsjef for VTK konsernet arbeidet han ved forskingssenteret til Yara International ASA i Porsgrunn. Han starta karrieren sin i ABB og har fleire års leiarerfaring gjennom sentrale posisjonar både i Noreg og utlandet.
Han er utdanna elektrikar, er elektroinstallatør og har ein bachelor i elektroteknikk samt ein Executive MBA i energi kombinert frå Handelshøyskolen BI, NTU Nanyang Business School Singapore og IFP School Frankrike.