Vi ynskjer å bli ein viktig lokal aktør innanfor produksjon av fornybar og rein elektrisk energi frå sola.

Vest-Telemarkkommunane har ein lang historie med kraftproduksjon. Tokkeanlegga, som vart bygd på 50 og 60-talet, var med på å reise Noreg som ein moderne industrinasjon i etterkrigstida. Også Skafsåkraftverka er ein del av denne historia. No er det igjen behov for å byggje ut meir kraftproduksjon i Noreg og Europa. Høge straumprisar og utsiktar for underskot på energi er ein drivar. Målet om å bremse den globale oppvarminga ved å redusere utsleppet av klimagassar ned mot null innan 2050 er eit anna.

Vest-Telemark Kraftlag ynskjer å ta ansvar i det grøne skiftet og vere ein del av denne utviklinga. Vi ynskjer å bli ein viktig lokal aktør innanfor produksjon av fornybar og rein elektrisk energi frå sola. Solkraftverk er blant dei teknologiane for ny kraftutbygging som har lågast pris per kWh, og som kan byggjast raskt og effektivt. Saman med regulerbar vasskraft og andre lagringsløysingar, vil solkraftproduksjon vere ein viktig, fornybar del energimiksen nå og i framtida.

Eit av dei viktige spørsmåla ein må ta stilling til når ein skal byggje ut solkraftproduksjon i stor skala, er knytt til arealbeslag. Grovt rekna treng ein minst 10 mål egna areal for å produsere 1 MW effekt i eit solkraftverk, som igjen produserer om lag 1000 MWh energi i løpet av eit år. Kraftverket kan bli ståande i meir enn 40 år når det er etablert, og er slik sett eit nokså varig inngrep. Det er difor viktig at ein gjer gode val når ein vel kor ein kraftverket skal settast opp. I Vest-Telemark kraftlag er vi opptatt av at kraftverka vi er med å sette opp skal liggje der dei skapar minst mogleg konflikt. Eksempel på område med lågt konfliktpotensial kan vere masseuttak som er tatt ut av drift, steinfyllingar frå tidlegare utbyggingar og i nokre tilfelle skogsmark som uansett skal hoggast til tømmer. Samstundes er det viktig at det er gode soltilhøve, og at tomta ligg nær eksisterande høgspentnett og vegar.

Vi har laga ein portefølje med tomter vi ønskjer å utvikle saman med grunneigarar og andre partnarar, men er heile tida på jakt etter fleire område som kan egne seg. Om du er grunneigar og ynskjer å leige ut eigna areal til eit solkraftverk, er du alltid velkomen til å ta kontakt.